Og graset ut-Svie

- og graset ut

Svie

2017; Two songs with texts by Ingebjørg Loe Bjørnstad;

Commisioned by Josefine visescene

- og graset ute


Kva opnar seg i deg
Kva opnar seg i meg
Kva finst mellom oss,
rundt oss.
No somnar eg


Og ryggen din er varm
Det rimar på glasa
og graset ute
Det går ein liten gut aleine
med ein leikebil bortover vegen.


Kva rører seg i deg
Kva rører seg i meg
Kva lever mellom oss,
rundt oss.
Så kaldt det er.


Men vi har sokkar på
og dyna ho vermer
og vrenger seg.
No er det ikkje lenger dag.
Kråkene riggar seg til tett i lag.


Svie


I ein av hagane står det ein snømann
og tre par støvlar inntil veggen
Det ryk blått frå pipa
og svir i augene
Dei ser ikkje at eg står her
fordi no er det snart heilt mørkt ute


Der eg bor er det ryddig på romma
No tikkar det ikkje lenger i omnane
Det er flekker på speglane
Puta har gulna
og raude draumar klistrar seg i
seige dørhandtak


Handa under ullundertrøya mi
som kjenner ribbeina
er ikkje nokon andre si
Ruta er punktert
og skogen er svart.